Dønhaug gardsbarnehage

Velkommen til Dønhaug gardsbarnehage! Vi er ein liten barnehage med 26 plassar. Vi held til på eit lite gardstun, og har sauer, høns og snart ender, som vi har ansvaret for.

Vi har eit stort og ulendt uteområde. Her får vi gode motoriske utfordringar. Utanfor barnehageområdet har vi mange fine turmål. Vi har grillhytte i skogen, og ei ny grillhytte på barnehagen sitt uteområde. Her er det fint å ete nista si uansett ver. Sauene våre er på fjellet om sommaren, og kjem attende i september. Då går dei å beitar på område rundt oss, og er klare til å komme inn att i fjøset i oktober/november.