Nedigarden

Dette er 0-3 års gruppa vår. I år har vi flytta ned i 1. etg i barnehagen, og fått oss eit stort og romsleg lokale.

Vi har fokus på nære og tette relasjonar mellom vaksne og barn. Vi har stort sett fast dagsrytme slik at dagane vert trygge og føreseielege for dei små. Stort sett er vi ute kvar dag frå kl 9. Vi har eit ulendt og bratt uteområde, så barna får gode utfordringar i å bevege seg rundt. Vi har ansvaret for dyra to gongar i veka.