Sauene våre

På garden har vi 30 sauer. Desse har vi ansvaret for å sjekke til kvar dag. Vi føl sauen gjennom året:

i desember er det vær oppi hos sauene, og i april byrjar lembinga. Dette er ei ekstra spanande tid, og vi får oppleve at nye lam vert fødd. Nokre gonger opplev vi at sauer dør, og det er ikkje så kjekt. Vi får mage samtalar og mykje undring rundt desse hendingane, I juni er vi med å slepp sauene ut på beite, då må alle samarbeida godt, slik at vi får alle sauene og lamma med. På sommaren fer sauene til fjells, og kjem att i september. På hausten er det roleg i sauehuset, og det passar fint for då er det tilvenningstid i barnehagen. Vi har ikkje bonde på garden i kvardagen, så derfor er det eit medvite val å ikkje ha fleire dyr enn vi klarar å ta vare på. 

Vi er opptatte av å sjå etter signal dyra sender, vi skal ha respekt for dyra, og dei skla få fred når dei vil det.